Julemiddagen vart tilberedt på undervisningskjøkkenet rett før jul og vi kosa oss for siste gong i lokala før det kjøkkenet vårt vert totalrenovert på nyåret. Studentane serverte vårt eige heimelaga julemåltid med pinnekjøt, mørpølser, medisterpølser, rabbestappe, surkål, gode poteter, ripssaft, riskrem, raud saus og nysteikte krumkaker! Bordet var nydelig dekka, og det både lukta og smakte himmelsk sunnmørsk jul!
![]() |
| Julemiddag på Mat, kultur og konservering. Foto: Kari Ryslett |
Det er 11 ulike bloggar om 4 ulike tema lenka til denne studiebloggen, det vil seie 44 blogginnlegg. Studentane har avgitt sine stemmer og kåra vinnarane av bloggkonkurransen i dei ulike kategoriane. Resultatet vart slik:
Årets matkulturbloggar: Cecil Elisabet Nerbø
Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering: Eva Nøstdal
Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite (denne katoegorien hadde heile 3 vinnar): Merethe Trones, Andrine Håndlykken Vikebakk og Hilde Wenge
Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst: Hege Marie Pedersen
Beste blogginlegg om konservering av kjøt: Andrine Håndlykken Vikebakk
Vi ønsker alle våre studentar ei riktig god jul og eit godt nyttår!
Beste helsing Kari



Kommentare