mandag 24. august 2020

Velkommen til Mat, kultur og konservering hausten 2020

Det er alltid spannande med nye studentkull på Mat, kultur og konservering og iår var ein skikkelig fin gjeng som var samla på kjøkkenet. Takk for ei trivelig samling med safting, sylting og hermetisering ved Høgskulen i Volda.

Mat, kultur og konservering 2020-2021. Foto Kari Ryslett.

No har alle fått bloggadresse og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene før set saman og publiserer blogginnlegget ditt.

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. 

Lykke til med produkta som du skal lage og dokumentere fagleg på bloggen din!


Beste helsing Kari Ryslett


Kommentare

Populære innlegg fra denne bloggen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar